Temakveld om tro og liding

– Torsdag 26. november er me så heldige å få Torborg Aalen Leenderts til temakveld i Fitjar kyrkje.Ho skal snakka om «Tro og lidelse, er Gud tilliten vår verdig?», skriv Eli Simonsen i ei pressemelding før temakvelden.

 

– Torborg A. Leenderts er ein dugande og høgt skatta fagperson, og ho har dukka i djupna i dette temaet. Ho har gjeve ut bøkene «Når glassflaten brister», «Gud og det vonde, bryting mellom livet og trua» og «Tillit og tillitskap». Bøkene er banebrytande ved at dei på ein unik måte kombinerer menneskeleg røynsle, teoretisk refleksjon og sjelesørgjerisk innsikt, skriv Simonsen vidare, og fortset:

 – Torborg er utdanna sosionom med vidareutdanning i familieterapi. Ho avslutta den formelle yrkeskarrieren som fyrstelektor på Diakonova, der ho har kombinert praktisk, diakonalt og sosialfagleg arbeid med undervisning. Som nokså nyslegen pensjonist vert ho hyrt inn på Menighetsfakultetet, då særleg practikum, og ho reiser «land og strand» med seminar og foredrag.

No er det Fitjar som er så heldige å få henne til å snakka om temaet!
Alle vil gjennom livet kjenna på problemstillinga.
For sume gjeld det å hjelpa andre, for sume å hjelpa seg sjølv …

– Denne kvelden vert det også song og musikkinnslag.  Velkomne alle! heiter det, til slutt.