Siste gjennomkøyring

 

Fitjar Skulekorps leia fredag an under generalprøven før avreisa til Sotrafestivalen.

 

 

I helga skal skulekorpsa frå Fitjar og Sagvåg, samt Fitjar Musikklag, reisa til Sotra og visa strilane korleis korps bør høyrast ut. Likevel tok dei seg tid til ei siste gjennomspeling av programma sine, før alvoret startar.

 

Rundt 70 publikummarar kom for å høyra på dei lokal talenta. Så blir det spennande å kva dommarane synest om det ein styrer med på korpsfronten her på øya. Ein skal jo ikkje lenger tilbake enn til i sommar for slå fast at dommarar andre stader i alle fall hadde sansen.

 

Musikantane i Sagvåg skulekorps sat ivrige på første benk og lengta etter å få sleppa til. Foto: Arne Vestbøstad