Johannes Føyen, Malene Solli, Maria Toskedal Koløen og Jonas Vik, saman med Hilde Volden de Fine, skal framover setja MOT-programmet ut i livet i Fitjar-skulane. Maria Solheim Thorsen var ikkje til stades under markeringa. Foto: Arne Vestbøstad

 

 

Staselege MOT-representantar

 

Torsdag var ungdomstrinnet ved Rimbareid skule samla då MOT-organisasjonen gjorde stas på sine «Ungdommar med MOT» på Rimbareid.

 

 

Det er Johannes Føyen, Malene Solli, Marie Toskedal Koløen og Jonas Vik på 9.-trinnet som har fått den formelle oppgåva med å vera gode førebilete for dei rundt seg.

 

Under markeringa i amfiet på skulen torsdag, blei MOT-elevane blei trekte fram til applaus, og fekk overlevert nye t-skjorter av Martin Vik, mangeårig travar innfor MOT-organisasjonen lokalt. Han varfull av lovord om ungdommane som no startar gjerninga si for fullt. Han fortel at dei er så entusiastiske at dei blir nesten blir skuffa når det ikkje er oppgåver til dei.

 

Hilde Volden de Fine og Maria Solheim Thorsen vil no vera MOT-informatørane i Fitjar, etter at Vik, no pensjonist, og partnaren Hans-Petter Almås frå Stord har vore med i oppstarten av av MOT-programmet i Fitjar.

 

Formalitetar

For å få tittelen Ungdommar med MOT (UMM), måtte elevane søkja på stillingane. Etter tilsetjinga vart dei i haust kursa i regi av MOT, saman med andre UMM-ar frå skular på Stord. No er det desse elevane som framover skal vera førebilete og ha eit særleg ansvar for å gjera overgangen til ungdomsskulen lettare for elevane frå Rimbareid, Sælevik og Øvrebygda som byrjar i åttande klasse til hausten.

 

Dei ferske UMM-arane fortel det verka å vera kjekke oppgåver dei skal utføra, og no håpar dei å vera vera til hjelp for dei nye ungdomsskuleelevane, slik at dei får ein kjekk kvardag. Dei håpar også at dei kan inspirera alle ungdommane rundt seg til å ta eigne og gode val.

 

Før skuleåret er omme skal dei ha vore innom sjuandeklassane i kommunen tre gonger, for å førebu elevane på korleis det er å byrja på ungdomsskulen, samt vera med under ein bli kjent-dag for dei kommande åttandeklassingane før sommarferien. Dei vil også vera sentrale under den nasjonale «MOT til å glede»-dagen førstkommande måndag.

 

– Kva er de mest spente på med dei nye oppgåvene de har fått?

– Om dei andre elevane høyrer på oss…