Lærar Liv Mari Koløen Lønning med fornøgde norskelevar på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.
Glade norskelevar frå fjern og nær
I går fekk dei glade elevane på norskkurset for vaksne utdelt vitnemål etter to månaders solid innsats.
Fitjar kommune har arrangert to månaders norskkurs for arbeidsinnvandrarar og andre interesserte i haust.
Frå slutten av september og fram til i går har elevane møtt flittig opp til timane sine. To kveldar i veka har dei stilt opp på Rimbareid skule og gjennomført eit kurs på til saman 22,5 klokketimar.
I går kveld blei det kake og utdeling av diplom ved lærar Liv Mari Koløen Lønning. Elevane kjem frå Filippinane og Kina i aust til Polen og Tyskland i vest.
No vonar dei at det blir høve til å halda fram med norskkurs over nyår.
Ein fornøgd Krzysztof Karwat frå Polen med kursbevis etter fullført norskkurs. Foto: Kjetil Rydland.