Vil gå vidare med «Intensjonsavtalen»

Fitjar formannskap  følgde i dag ordførar Wenche Tislevoll sitt ønskje og sa samrøystes ja til å gå vidare med Intensjonsavtalen vedrørande kommunesamanslåing. Foto: Håkon C. Hartvedt

Nokon særleg debatt var det heller ikkje om saka. Alle representantane såg utfordringane og gav uttrykk for at det er vanskeleg å vite heilt sikkert korleis det heile vil bli. Dei ville likevel vere med vidare i prosessen. 

Ordførar Wenche Tislevoll var tydeleg på at ho meiner at det vil vere ein risikosport å hoppe av no. 

– Eg veit ikkje om eg kan garantere den gode framtida for Fitjar om ikkje vert med vidare i prosessen. Signala me så langt har fått er ikkje gode. Me veit allereie at me uansett vil miste småkommunetilskotet som me har no, sa ho mellom anna.

Dagfinn Brekke (KrF) meinte at om ein stod igjen med berre Stord og Fitjar i prosessen, ville det bli ein uheldig balanse, men òg han ville gå vidare i prosessen.

Vigdis Røen stilte som vararepresentant for Agnar Aarskog som Ap sin representant. Elles stilte dei andre partia med sine faste representantar. Wenche Tislevoll (H), Dagfinn Brekke (KrF), Arne Prestbø (H) og Sigurd Andre Maraas ( Frp)

I tilegg til formannskapet stilte Gunn Marit Veka Maraas frå Fitjar Sp i denne saka, og leiar i Utdanningsforbundet i Fitjar, Katrin Ankervold, stilte for organisasjonane. 

Veka Maraas var spent på korleis det ville bli med institusjonsplassar. – Vil ein kunne rekna med at dei ville bli i noverande Fitjar? undra ho. – Men Sp vil uansett vere med vidare i prosessen, sa ho.

Katrin Ankervoll meinte at om ein reduserer midlane til skulen, slik det ser ut for med omsyn til budsjettet for 2016, vil ein få eit svakare kort å stille med når ein skal forhandla om skule med dei andre kommunane.

Vedtaket Fitjar formannskap samrøystes gjekk inn for lyder slik:

1.Fitjar kommunestyre vedtek intensjonsavtale om kommunereform i Sunnhordland som vedlagt. Fitjar kommune ønskjer å delta i den vidare prosessen

                sjølv om ikkje  alle fem kommunane sluttar seg til intensjonsavtalen. 


2.Ordføraren representerer Fitjar kommune i dei avsluttande forhandlingane. Utvida formannskap er referansegruppe. 


3.Målsetting for når forhandlingane skal vera ferdige blir endra til innan utgangen av januar. 


4.Det skal haldast rådgjevande folkerøysting etter at det er semje om ein endeleg avtale. 


5.Kommunestyret får saka til endeleg handsaming etter folkerøystinga.