Mykje folk på SPAR-nyopning

Mykje folk var på plass då SPAR nyopna i føremiddag. Ordføraren helste med blomar, og dagleg leiar Odd Sverre Larsen peikte på at ein med dette òg vil gje uttrykk for at ein har tru på ei god framtid for Fitjar sentrum. Humor var det òg plass for. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ordførar Wenche Tislevoll takka då også nettopp og spesielt for  at SPAR vil satse vidare i sentrum. Takken gjekk òg vidare til dei andre i Larsenfamilien som har stått for nærhandfel i mange, mange år.

Dagleg leiar Odd Sverre Larsen takka for gode ord, og like mykje for at ordføraren synleg, tett på og gjer sitt for å ivareta Fitjar sine interesser på ein svært god måte.
Om det som no har skjedd med butikken, seier han til fitjarposten.no at han er svært nøgd. – Det har ikkje berre blitt slik eg kunne tenkje meg. Det er blitt slik eg har drøymd om, sa han.

Om oppgraderinga seier han vidare:

-Dette er ein milepel for bedrifta vår. På mange måtar er me og dei fleste andre  SPAR-Butikkane i våre nabokommunar i Sunnhordland, som kjerringa mot straumen. Me eig og driv våre eigne verksemder, ofte i eigne hus, mens dei fleste av våre konkurrentar er organisert på meir sentralt vis.  

Konkurransen er beinhard, men trass i det har me tru på den lokale forankringa mellom kunde og handelsmann.
Tradisjonar er åleine ikkje nok for å lukkast, men i kombinasjon med vilje til fornying, og at me evnar å skapa den beste lokale handleopplevinga, gjer at me satsar!
Og me har tru på framtida!

Torolf Larsen klyppar snora. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Jorunn Sørfonn overrekte blomar frå dei tilsette. T.h. Odd Sverre Larsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ronald Hareide overrekte blomar frå Fitjar Fjordhotell. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mykje folk kom til opninga, og Odd Sverre Larsen delte ut roser. Foto: Håkon C. Hartvedt

Sidan 1947
Larsenfamilien har drive handel på Fitjar sidan 1947.
Torolf som markerte opninga ved å  klyppe snora i dag, var 10 år då familien kom til Fitjar, og har sidan vore svært nært knytta til livet ved Fitjarsjød’n og bygda elles.  Endringane innanfor handel og vandel har vore mange og betydelege i hans tid som handelsmann.

Den no fullførte oppgradeinga er den 5. store omveltinga av daglegvarebutikken.
Den første var i 1965 då landhandelen vart utvida. I 1972 kom sjølvbetjeninga til Fitjar, og i 1989 utvida ein til tredobling av salgsarealet for daglegvare. I 2002 vart nybygget opna og gav rom for  vidare utvikling.  I oppgraderinga no  i 2015  fekk dei så  ny teknologi og profil.

 – SPAR er ein del av Norgesgruppen og er ein supermarknad som legg vekt på breidde i vareutvalet og eit kunnskapsrikt og serviceinnststillt personell, seier Larsen, til slutt.