Kretssølv til J13

Fitjar idrettslag sitt Jenter13 fotball-lag kom i år på ein strålande sølvplass i kretsmeisterskapet.

Jenter13 som er satt saman av jenter13 og jenter12 og med litt hjelp frå jenter11 har hatt ein strålande sesong i år. Etter åtte spelte kampar i den lokale serien kunne dei visa til seks sigrar, ein uavgjort og eit tap og med det låg dei heilt på topp i sin serie. 

Søndag 8. november var dei dermed klare for semifinale. Semifinalen gjekk på heimebane på «kunst’n». Etter siger 5-0 over gjestene frå Hardanger bar det mot finalespel for J13 i Vestlandshallen laurdag 14. november, mot Gneist.

Med ein stor supportergjeng på tribunen spelte fitjarjentene ein strålande kamp både i forsvar og angrep, og dei to keeperane Thea Træet og Mari Hatlevik gjorde ein svært god jobb. Dei unge fitjarjentene var «på hogget» og lot seg ikkje skrema av dei store motstandarane i J13-finalen. Det grønkledde 7ar-laget spela godt og framstod som nærast jamngode med motstandarane og med nesten like mange målsjansar som byjentene. Men med redning eller stong-ut på alle måforsøka til Fitjar og nokre kjappe, taktiske og sterke Gneistjenter hadde motstandarane eit lite overtak og vann til slutt kampen 4-0. Men ingen sure Fitjar-miner av den grunn. Både spelarane, trenar Roy Inge Stegane og foreldra gledde seg storleg over pallplassering og sølvmedalje. Det var ein stor siger som syner at jentene har jobba godt gjennom heile sesongen, og som Fitjar kan vera stolte over!

Ingressbilete:
Bak frå venstre: Mari Hatlevik(13), Thea Træet(13), Siren Vik(12), Marion Træet(12), Rebekka Tverborgvik (13), Emilie Isdal(12) og Linnea Vestbøstad(11)
Framme frå venstre: Natalie Steien (12), Sofie Rimmereid(12), Romante Zemgulyte(12), Live B. Stegane(12) og trenar Roy Inge Stegane.
Foto: Helga Rimmereid