Klare for spel i 1. divisjon

Laurdag og søndag er  «Sotrafestival» og for første gong stiller Fitjar Skulekorps til konkurranse i 1. divisjon. Som ein generalprøve til dette, inviterer Fitjar Skulekorps til konsert førstkomande fredag ettermiddag kl. 17.30 i Gymsalen på Rimbareid skule.  Foto: Håkon C. Hartvedt

Svein Roger Koppang. Foto: Håkon C. Hartvedt.

– Me er stolte over at me denne kvelden òg får besøk av Fitjar Musikklag som i år for første gang opptrer på Sotrafestivalen, og våre gode musikkvener i Sagvåg Skulekorps. Dette blir generalprøven for korpsa før me alle reiser til Sotra på lørdag, skriv skulekorpsdirigent Svein Roger Koppang til fitjarposten.no.

Fitjar Skulekorps stiller altså i 1. divisjon med dirigenten deira Svein Roger Koppang, medan Fitjar Musikklag stiller i generasjonsklassen med dirigent Ragnhild Prestbø og Sagvåg Skulekorps stiller i 3.divisjon med dirigent Svein Roger Koppang.

Programmet for fredagskvelden ser slik ut:

Sagvåg Skulekorps

– Highland Cathedral

– An Untold Story, solist: Birgitte Kaldefoss

– African Funk

Fitjar Skulekorps

– When Thunder Calls

– Eyes Of A Child, solist: Guro Rimmereid

– ShowStoppa


Fitjar Musikklag

– Vikingkirken

– A Gaelic Blessing

– Celebration

 – Dette vert ein flott konsert! Ta med vener og kom! oppmodar Fitjar Skulekoprs som står som arrangør.

 
Sotrafestivalen 
Sotrafestivalen er ein underholdningsfestival for skulekorps, med konkurranse i 1 – 3 divisjon, samt 4. divisjon og generasjon. 4. divisjon junior får utmerkelse for deltakelse.

Egen solistklasse for solister fra korps og kulturskoler.

Årets festival er den 27. i rekken.»

Konsertdato: Fredag 20.november

Tid: Kl.17.30

Billettpris: Vaksne kr. 50,- Born og Musikantar Gratis

 

(ANNONSE)