Fridleif Lydersen er tilsett som kyrkjelydsprest i Fitjar.

Fitjar har vore utan kyrkjelydsprest sidan «Nobu» slutta i tenesta ved nyttår 2015. No er det tilsett ny kyrkjelydsprest. Han tek til i tenesta 1. februar 2016. Foto: Lisbeth Nygård

 – Etter at soknerådet gjorde vedtak om å lyse ut ei prosjektstilling som kyrkjelydsprest for to år, er Fridleif Lydersen tilsett i stillinga, heiter det i ei pressemelding til kyrkja.

– Fridleif Lydersen kjem opphavleg frå Færøyane og er 39 år gamal.  Han tok utdanning og arbeidde som fiskar, fram  til han i 2002 flytta til Noreg og tok til med presteutdanning på Det Teologiske Menighetsfakultet  i  Oslo.  Etter at han vart ferdig utdanna prest i 2008 har han vore tilsett som sokneprest i Bremanger i Sogn og Fjordane fram til no.

Kyrkjelyden i Fitjar ser fram til å få Fridleif på plass som kyrkjelydsprest, heiter det til slutt i pressemeldinga.