Vil fjerna lause delar

 

Vår reporter Kjetil Rydland observerte i går ei korg med folk ved toppen av mølla på Midtfjellet som nyleg brann. Bileta er òg tekne av Kjetil.

I korga var mellom anna dagleg leiar i Midtfjellet Vindkraft AS, Erik Mortensen. 

– Ja, me var oppe i ei korg, ei korg med sikkert feste i ei høveleg kran, for å sjå på skadane og få vekk lause delar.  Me må vere sikre på at ikkje noko dett ned når me startar arbeidet med å finne ut kva som har utløyst brannen – og det som vidare må gjerast med mølla, seier Mortensen.

– Men me fekk ikkje gjort så mykje i går. Me var der bare eit par timar, så begynte vinden å bli for sterk. Me har vindmålar på toppen, og noko meir enn 7 m/s bør ikkje vinden vere når me held på med dette arbeidet. I følgje vêrmeldingane ser det ut som at me kan fortsetje på onsdag.

Men arbeidet er i alle fall i gang, seier Erik Mortensen til slutt, til fitjarposten.no.

Biletet syner korleis den brende mølle ligg til i høve til Landasåto. Foto: Kjetil Rydland.