– Dette er 31. gongen

Det seier Solveig Westerheim til fitjarposten.no. Heilt ifrå starten har ho delteke på alle julemessene i Fitjar Husflidslag sin regi. Foto: Håkon C. Hartvedt.

– Dei har ikkje alltid vore i Fitjartun. Dei første åra var dei andre plassar, seier ho og held opp eit par fitjarladdar som har vore varemerket hennar heilt ifrå starten. Tidlegare hadde eg òg mykje kaker med på messa. I år har eg strikkeprodukt, og dette året har eg òg måtte nytte meg av hjelpesmenn, smiler Solveig og ser bort på barnebarna og oldebarnet som ho har med seg på standen i år.

Barnebarna er døtre av Liv Sølvi Westerheim, no Gåsland, og heiter Mariann og Liv. Oldebarnet heiter Sølvi. Ho skal for øvrig skrive oppgåve om Laurits, mannen til Solveig som døydde for nokre år sidan.

Viktig for laget

Bodil Raustein og Petra Espevoll.

Leiar i Fitjar Husflidslag Petra Espevoll synest det er kjekt at Solveig har vore med i alle år, og ho meiner at i Fitjartun har dei vore dei siste 25 åra pluss/minus. 

På spørsmål om kor viktig denne basaren er for husflidslaget svarar ho at denne i stor grad er viktig for at laget kan drive.

– Det er jo dette vi «lever av». Dette er på en måte årets inntekt for oss, seier ho og legg til at ho har fått mange tilbakemeldingar på at dette er noko folk gler seg til, og at denne messa er viktig for bygda. Og så er det jo ein fin måte å få vise fram litt av det me driv med, let ho. 

I år er det 23 utstillarar, og kontakten med desse har Bodil Raustein og Turid Hovland teke seg av. 

Mange utanfrå
Mellom dei 23 utstillarane i år er det mange som kjem utanfrå. Det synes Espevoll er positivt. Fint at dei ser seg mon i å vere med på julemesse på Fitjar.

To av dei er søstrene Siv Miljeteig og Hilde Lønning (biletet ovanfor). Begge er opprinneleg frå Sveio. Dei deltek på julemesser for første gong i år og har svært mange artige, kreative produkt som me ikkje har sett før, å vise fram. Mellom anna geiteramssaft. 

 

Ein annan av dei som kjem utanfrå er Jakob Bjelland. Han syt for at det er vakre arbeid i tre på denne utstillinga òg.

Martin Nygård er fast deltakar på julemessene i Fitjartun for å selje produkt laga av dottera Marit. Her er det Liliane Jæger som studerer produkta. Foto: Håkon C. Hartvedt

 
Lillian Malkenes og Mona Heggøy sel mellom anna flotte strikkeprodukt. Foto: Håkon C. Hartvedt

Bjørg Strømme stilte denne gongen med eigenproduserte strikkeprodukt. Foto: Håkon C. Hartvedt

Messa held fram i morgon, søndag.