Årsmøte i Fitjar Frp

Sigurd Maraas er attvalt som leiar i Fitjar Frp. Nyleg debuterte han òg som politikar i Fylkestingsamanheng. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjar Frp heldt onsdag 11. november sitt årsmøte for 2015, og har sendt oss referat frå møtet. Referatet kan du lese nedanfor.

Referat årsmøte Fitjar Frp

Årsmøtet vart halde i møterommet til Fitjar Racing Team på Rydland.

Fra årsmeldinga kan vi trekke fram at etter valget 2015 fekk vi inn to representantar til kommunestyret, Sigurd Andre Maraas og Svein Malvin Marås.

Sigurd Andre vart òg medlem i formannskapet og første vara til Utval for plan og miljø, og Svein Malvin mønstrar på som leiar i Kontrollutvalet. Begge ser fram til dei neste fire åra.

Høgre valde noe skuffande eit samarbeid med Ap etter valet, noko som plasserte oss i opposisjon. Der er planen å markere oss godt som opposisjonsparti og drive god Frp politikk. 

På årsmøtet vart Sigurd André Maraas (40 år) nok ein gong attvalt som lokallagets leiar. Han går med det inn i sitt trettande år som leiar i Fitjar Frp. Resten av styret er så godt som uendra med unntak av Ove Raunholm som går ut, og Frank Solli som går inn som ordinær styremedlem.

Etter dei vanlege årsmøtesakene så var det debatt, og diskusjonen gjekk fritt. 

Tema som vart tatt opp var blant anna: 

Flyktningsituasjonen og Fitjar sin rolle i den,

Kommunestruktur, informasjon og status

Eigedomsskatt

Lokallagets økonomi

Medlemsverving 

Budsjett

Vi ønsker med det nye og gamle medlemer velkommen til Fitjar Frp, og dermed til å kunne vere med å forme lokallagets politikk dei neste åra.

 

For styret i Fitjar Frp, ved attvalt leiar, Sigurd Andre Maraas.