Tillitsvalt takka kommunen
Tillitsvald ved FMV, Frode Halvorsen, nytta høvet til å takka Fitjar kommune ved ordførar Wenche Tislevoll i samband med pressekonferansen om kontraktane i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt
– Eg har pendla til FMV i 14 år og har vore her både i gode og vonde dagar. Ja, til tider nærast domedagsdagar, sa Halvorsen og fortsette:
– I 2007 såg det skikkeleg stygt ut, men dei gjekk bra, me reiv av oss frustrasjonen – og me opplever no eit flott fellesskap på jobben.
Det er kort veg mellom eigarar, kundar og arbeidarar, noko som er ei god leiing å takke.
Men me set òg pris på at Fitjar kommune som har lagt alt til rette for at me skal ha bein å stå på, sa Halvorsen og overrekte ei heilt spesiell gåve til ordførar Wenche Tislevoll. Ein nøtteknekkar i messing, laga av dei tilsette.
– Skikkeleg handarbeid, spør du oss.
Nøtteknekkaren. Foto: Håkon C. Hartvedt