Kjempekontrakt til FMV

FMV signerte i dag den største arbeidsbåtkontrakten i FMV si historie. Kontrakten er på nær 100 millionar kroner, og dei har opsjon på ein tilsvarande. Ordførar Wenche Tislevoll stilte opp med blomar frå kommunen til FMV ved verftsdirektør Hugo Strand. Foto: Håkon C. Hartvedt

Båtane. Illustrasjon: FMV

– Dette er ein kjempestor dag for oss, og dette sikrar oss arbeid ut 2016, sa verftsdirektør Hugo Strand på pressekonferansen i samband med signeringa. Han kunne vidare fortelja at kontrakten går ut på å lage fire nye spyle- og arbeidsbåtar på 15 x 10 m. Båtane kjem inn under Sørfonn-serien.

Levering for den første er sett til 1. september 2016, så kjem den neste i byrjinga av oktober, den tredje i starten av november og den fjerde når me  skriv desember 2016. Båtane skal nyttast i oppdrettsnæringa i regionen, og arbeidsoppgåvene til båtane er reinsing og vasking av merder. Dette er spesielt viktig i samband med leppefisk og rognkjeks-produksjon. Og behovet ser ut til å vere aukande.

Strand fortalde elles at FMV dei tre siste månadene har signert avtalar for ni nye båtar, og at dei med desse, som med dei tidlegare arbeidsbåtane, lagar design i lag med Asbjørn Vik i Heimli AS.

Til saman utgjer desse båtane ein ordre på rundt 200 millionar kroner. Medrekna båtane FMV no har signert, har dei laga 22 arbeidsbåtar. Den første i rekkja leverte dei til Stava Sjø i 2011.

Sentrale folk bak den nye kontrakten: F.v. Jan Thore Josdal (FMV), Asbjørn Vik (Heimli) og Åsmund Sørfonn (FMV). Foto: Håkon C. Hartvedt


Nytt selskap
Kjøparane er eit nytt selskap i Austevoll som enno ikkje har fått namn, men det nye selskapet utgår frå morselskapa AGMG Invest og ANNCA. Frå AGMC møtte Sonja Haugland, Ørjan Weløy Haugland og Magne Hatlevik, medan Ståle Torsvik stilte frå ANNCA.

Magne Hatlevik i reiargruppa fortel at dei har fått inn fleire tilbod, men at det valde FMV fordi dei gav det beste tilbodet – noko som syner at FMV er fullt ut konkurransedyktig i konkurranse med verft i Polen og andre plassar.

– Valutakursen har òg eit effektivt FMV har vore utslagsgjevande i denne samanhengen, la Hatlevik til.
Og som Hugo Strand repliserte: – Båtar vert betre jo nærare kontakten er med reiarlaget!

Frå reiagruppa møtte desse: F.v. Sonja Haugland (AGMG), Magne Hatlevik (AGMG), Ståle Torsvik (ANNCA) og Ørjan Weløy Haugland (AGMG). Foto: Håkon C. Hartvedt


Stor dag for kommunen òg.
 – Dette er ikkje berre ein stor dag for FMV, men det er òg flott for Fitjar kommune at FMV stadig vinn kontraktar. Det skapar optimisme for framtida, sa ordførar Wenche Tislevoll som overrekte blomar på vegner av kommunen.

Ho takka vidare for at FMV vågar å investere i ny infrastruktur i motstraumstider.

– Frå kommunen si side vil me prøve å leggje til rette som best me kan for FMV. Me ser at det nyttar å arbeide i lag, la ho til.

Det same gav verftsdirektør Hugo Strand uttrykk for.
Han takka ordføraren og streka under at hadde ein ikkje fått løyve til å byggja opp eit skikkeleg anlegg, hadde det vore vanskeleg å ta på seg arbeidet med desse kontraktane. 

Arbeidet på FMV genererer vidare  både arbeidsplassar-  og dessutan ekstra inntekter til delar av det andre næringslivet i Fitjar.

I november overleverer FMV eit nybygg til Stava Sjø, FMV211 «Rubin» på 22 x 12 x 4.9 m, og dei leverer sin første fiskebåt av HFMV design, FMV37 «Don Ole».