80 med på årets lommelykttur

 Familiekos rundt bålet. Tuva Valvatne, Aksel Valvatne (barn), Andre Valvatne (far), Reidun Valvatne (mor). Foto: Barnas Turlag

– Søndag 08.11.15 hadde Barnas turlag den årlege lommelyktturen på Lundarstøl. Me markerte avslutninga på årets topptrim med utdeling av premiar til dei som hadde vore på minst tre fjelltoppar. 27 kort vart levert inn. Det skriv Wenche Nygård i Barnas Turlag Stord/Fitjar i ei pressemelding.

Arrangementet var opent for alle barnefamiliar på øya.

– På stien fra kraftstasjonen ved Lundsæter følgde me refleksløypa inn mot Lundarstøl. Vel framme kunne dei som ville steike seg mat på bålet, fortset Nygård, som vidare kan fortelje at om lag 80 personar hadde tatt turen i haustmørket på fjellet.

Dei som ville kunne delta på bokstavjakt i området rundt Lundarstøl. Ved hjelp av lommelykta kunne ein spore opp bokstavar som var gøymt i området. Alle fekk premie då løysingsordet var klart.

Normal.dotm 0 0 1 116 663 Media Consult AS 5 1 814 12.0 0 false 21 18 pkt 18 pkt 0 0 false false false /* Style Definitions */ table.MsoNormalTable {mso-style-name:»Vanlig tabell»; mso-tstyle-rowband-size:0; mso-tstyle-colband-size:0; mso-style-noshow:yes; mso-style-parent:»»; mso-padding-alt:0cm 5.4pt 0cm 5.4pt; mso-para-margin-top:0cm; mso-para-margin-right:0cm; mso-para-margin-bottom:10.0pt; mso-para-margin-left:0cm; line-height:115%; mso-pagination:widow-orphan; font-size:12.0pt; font-family:»Times New Roman»; mso-ascii-font-family:Calibri; mso-ascii-theme-font:minor-latin; mso-fareast-font-family:»Times New Roman»; mso-fareast-theme-font:minor-fareast; mso-hansi-font-family:Calibri; mso-hansi-theme-font:minor-latin;}

– Me takkar med dette alle dei som har delteke på våre turar og arrangement og ynskjer alle velkomne på tur med Barnas Tur i 2016, skriv Nygård, til slutt.