Karvel Strømme, Anne Hardeland, Kristi Hardeland og Torhild Andersen framfor eit av dei mest kjende bileta av Magnus Hardeland, Bjarne Andersen som bisp Nikolas i «Kongsemnerne». Foto: Kjetil Rydland.

Magnus Hardeland – ein forvitneleg kunstnar

Med denne overskrifta opna Karvel Strømme den store utstillinga av Fitjar-kunstnaren Magnus Hardeland laurdag ettermiddag.

Rundt 100 kunstinteresserte hadde funne vegen til vestibylen i Fitjar kultur- og idrettsbygg då kunstutstillinga blei opna i går. I fremste rekkje stod initiativtakar Karvel Strømme, som i velkomsthelsinga si gav eit oversyn over den store produksjonen til den kjende biletkunstnaren Magnus Hardeland (1905–1980) frå Fitjar.

Fitjarbuen busette seg i Bergen og blei ein allsidig og markant kunstnar med fokus på bygdekulturen. Han har blant anna ein stor produksjon av oljemåleri og teikningar. Han har illustrert fleire bøker og ei mengd julehefte, designa kommunevåpen og laga mange måleri med vestnorske naturmotiv. I tillegg var han ein dyktig portrettmålar; han var uvanleg flink å sjå ansiktstrekka til dei han måla. Med i utstillinga er blant andre portrett av skulemannen Barnelius Sørfonden, Severin Eskeland og Lars Rydland, far til forretningsmannen Knut L. Rydland og bestefar til mange fitjarbuar.

 
Lars Rydland t.v. og Barnelius Sørfonden på plass under opninga av utstillinga.

– Me må heller ikkje gløyma at han var ei viktig eldsjel bak Håkonarminnet, riksmonumentet som blei reist 18. juni 1961. På Fitjar blir det sagt at utan Magnus sin innsats, så ville ikkje støtta ha blitt reist i det heile, sa Karvel Strømme.

Magnus Hardeland designa og fleire faner, og kona hjelpta han å så motiva på tøy. Det er Kristi Hardeland, dotter til kunstnaren, som fortel dette til Fitjarposten. – Mor mi arbeidde på ei systove i Bergen, med fem damer, akkurat som i Fredrikssons Fabrikk, seier Kristi med eit smil. På denne måten fekk faren god hjelp både når han designa kommunevåpen og større faner, seier ho. 

Med og kasta glans over evenementet var ordførarane frå Askøy, Etne og Øygarden i tillegg til vår eigen Wenche Tislevoll. Felles for desse kommunane er at Magnus Hardeland har laga kommunevåpenet, i tillegg til at han har laga fylkesvåpenet til Hordaland fylke og fleire andre kommunar. Fitjar-ordføraren helsa forsamlinga og gjorde greie for symbolikken i dei nemnde kommunevåpena.

Ein ekstra spiss på den kulturelle storhendinga sette songaren Bodil Lunde Rørtveit. Ho er svigerdotter til Kristi Hardeland, som er dotter til den store biletkunstnaren. Komponisten og songaren i gruppa «Sagn» stod for ei konserturframføring av Geirr Tveit-stykket «Huldri», som Ragnvald Vaage har skrive teksten til. Bakgrunnen er aldri så lite dramatisk. Det har seg nemleg slik at den einaste kjende noten til dette stykket blei funnen i eit skinninnbunde notehefte som Geirr Tveit gav i 60-årsgåve til sin gode ven Magnus Hardeland! Derfor var det ikkje rart at svigermor, Kristi Hardeland, var både rørt og takknemleg etter den flotte framføringa.

Kristi Hardeland seier til Fitjarposten at det har vore ei stravel tid i forkant av opninga i går. Men ho er svært takknemleg over at denne utstillinga har kome i stand. Ho siktar då i første rekkje til initiativtakar Karvel Strømme, og til dei nære slektningane sine, Anne Hardeland og Torhild Lunestad. Til dei som ikkje har fått med seg utstillinga, kan me opplysa at ho er open fram til 21. november. Det er vel verdt å ta turen.


Bodil Lunde Rørtveit med konserturframføring av «Huldri» av Geirr Tveit. Foto: Kjetil Rydland.


Det einaste eksemplaret av noten til «Huldri» finst i dette skinnheftet som Magnus Hardeland fekk i gåve til 60-årsdagen sin av komponisten Geirr Tveit. Foto: Bodil Lunde Rørtveit.


Biletvevaren Svanaug Dvergedal med teppet «Jesus i Getsemane», som ho har vove for Fitjar kyrkje. T.h. originalen av Magnus Hardeland. Foto: Kjetil Rydland.


Kommunevåpena til Askøy, Øygarden, Fitjar og Etne er alle laga av Magnus Hardeland. Foto: Kjetil Rydland.