Fitjarjentene jublar for scoring mot Jondal. Foto: Kjetil Rydland.

Fotballjentene vann kretskampen

Med 5-0 over Jondal søndag ettermiddag sikra Fitjar sine 13-åringar seg finaleplass i KM sjuarfotball i Bergen neste helg.

Fotballjentene til Fitjar i 13-årsklassen viste seg heilt suverene i dagens kretskamp mot Jondal. Heime på kunstgraset køyrde dei over gjestene frå Hardanger, etter at jondølane ved hjelp av medvind hadde klart å halda 0-0 til pause.

I andre omgang var dei teknisk gode fitjarjentene ustoppelege, og vann 5-0 etter fine scoringar av Rebekka Tverborgvik, Marion Træet, Thea Træet, og Linnea Vestbøstad (2).

Etter dagens suverene innsats får jentene sjansen til å spela om KM-tittelen i klassen sin. Kampen går i Vestlandshallen neste laurdag, mot Gneist 2.

Dommar Julie Salmo frå Leirvik BK gjorde som vanleg ein prikkfri jobb.

Fitjar sitt lag mot Jondal: Live Stegane, Marion Træet, Romante Zemgulute, Siren Vik, Lena teien, Sofie Rimmereid, Mari Hatlevik, Thea Træet, Rebekka Tverborgvik, Emilie Isdahl, Linnea Vestbøstad.


Marion Træet scora mot Jondal. Foto: Kjetil Rydland.


Thea Træet legg på til 3-0 for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.