Alle dei 26 medlemmene i Øvrebygda 4H med velfortente merke. Foto: Kjetil Rydland.

Haustfest i 4H

Som vanleg blei gymsalen på Øvrebygda skule fylt til siste stol då Øvrebygda 4H inviterte til den tradisjonelle haustfesten sin i går.

Det har vore tradisjon i snart 40 år at ovbygdingane møtest til haustfest i 4H, og i år er ikkje noko unnatak. Rundt hundre små og store møtte opp til gårsdagens haustfest, der ungdommane fekk vist fram kva dei har arbeidd med siste året.

Medlemmene stilte, tradisjonen tru, opp prosjektoppgåvene sine, som gav prov på god aktivitet gjennom året som har gått. Blant oppgåvene fann me bl.a. skulekorps, sying, baking, matlaging, husdyr, friluftsliv og livet ved sjøen. Mange av oppgåvene viste at det må det har vore arbeidd grundig gjennom heile året!
 
Leiar Kristina Korsvik leidde festen med stødig hand, og minst like stødig røyst. Ved hjelp av PC og prosjektør drog ho møtelyden gjennom årsmeldinga til klubben. Den viste ein mangslungen aktivitet, der kanskje juletresalet ved Joker Rydland var det kjekkaste dei hadde gjort. Før det blei servering av middag, kaffi og kaker, underheldt 4H-medlemmene med song, dans og sketsjar. Det er heilt tydeleg at klubbaktiviteten gir ungdommane nyttig trening i å opptre utan å la seg hemma av for mykje nervøsitet.

Frå Fitjar kommune helsa kultursjef Bente Bjelland. Ho la ikkje skjul på at ho alltid synest det alltid er like kjekt å vera på besøk hos Øvrebygda 4H. Leiar Reidar Kloster helsa frå Fitjar Bondelag. Gammal venn av 4H-klubben er òg Fitjar Bondekvinnelag, og Karin Korsvik bar fram ei personleg helsing. Alle hadde med seg gåver til klubben.

Siste talar var Ingrid Hovstad, som representerte Hordaland 4H. Ho har vore leiar i Øvrebygda 4H, og vedgjekk at ho saknar 4H kvar einaste dag. Her lærte ho å leia, organisera og delegera. I går delte ho ut årets merke til 4H-medlemmene, saman med Reidar Kloster frå Fitjar Bondelag. Totalt var 26 medlemmer framme og tok imot utmerkingane sine. Medlemstalet er nøyaktig det same som i 1978, det første året Øvrebygda 4H var i drift.

Av medlemmene i år er det ei som har gjennomført heile løpet, og dermed kunne ta imot 4H-plaketten, nemleg leiar Kristina Korsvik. Ein imponerande prestasjon som krev minst sju år samanhengane i 4H. Men klubben har mange òg aspirantar, og Øvrebygda 4H kan nok sjå framtida lyst i møte.


Felix Joelsson med ei fin utstilling av prosjektet sitt, som handla om livet ved sjøen. Foto: Kjetil Rydland.

 
4H-medlemmene underheldt gjestene med dans, sketsjar og anna moro. Foto: Kjetil Rydland.


Reidar Kloster representerte Fitjar Bondelag, og tok seg tid til å sjå på dei utstilte oppgåvene. Her med Elisabet R. Sæbø, som har arbeidd med baking. Foto: Kjetil Rydland.