Trenar Liljan V. Waage og jentene jublar for siger på heimebane i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Jubel for handballsiger!

Jentelaget i 12-årsklassen vann sin første siger då dei møtte Lysekloster til seriekamp laurdag ettermiddag.

I skuggen av den store fotballturneringa Fitjar Kraftlag Cup og ei stor kunstutstilling gjorde dei 12 år gamle jentene unna to fine handballkampar på heimebane i dag.

Den første kampen enda med ein «historisk siger» 11-6. Toppscorar blei Linnea Vestbøstad, som scora sju mål og sette inn det siste sekundar før slutt.

Dermed kunne jubelen bryta laus for trufaste foreldre på tribunen, lagleiarar og spelarar som ikkje har blitt utskjemde med gode resultat.

At den neste kampen, mot Fyllingen 2, enda med tap, var ikkje eigna til å øydeleggja dagen for glade handballjenter.


Veronica Maraas i aksjon mot Lysekloster. Foto Kjetil Rydland.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes): Tuva Nysæther, Veronica Maraas, Angelica T. Lundal, Isabell Rydland, Mia Volden, Oda Volden de Fine, Ingvild de Fine Olsen (1), Lorentze Waage, Martha O. Brandvik, Clara Wohlrab (3), Linnea Vestbøstad (7).