I rute

– Ombygginga er heilt i rute. Det seier driftsleiar i Spar/ Kjøpmannshuset, Roger Iversen, til fitjarposten om ombygginga i Spar Fitjar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det er Iversen som har ansvar for gjennomføringa av ombyggingsprosjektet der ein mellom anna har skifta ut alt av kjøl og frys og fått på plass elektroniske etikettar . – Alt meir miljøvenleg, smiler han.

– Målet med ombygginga er elles å oppgradere butikken, gjere han meir moderne – og leggje til rette for at varene blir betre profilert, fortset Roger Iversen. Han fortel at arbeidet kjem til å fortsetje til veke 47. Då vert butikken stengt nokre dagar, før det vert nyopning.

Med seg, utanom dei tilsette på Spar Fitjar, har han 8-10 montørar, og arbeidet har går føre seg på svært seine kveldar og helgar i tillegg til det ein kan få gjort i butikken sin opningstid. Under vareplasseringa før nyopninga må mannskapstalet tredoblast.

Grønsakene er no komne på veggen vis a vis der dei var før, og Wenche Henriksen fyller opp. Foto: Håkon C. Hartvedt