Seglneset snart historie etter 50 års drift

På Vervatåno der Seglneset ligg i dag har det vore skipsbygging 
og aktivitet sidan 1819/1820 åra. 
Foto: Stord-Nytt.

Den første som starta med båtbygging i Sagvågen på Vervatåno
, var Andreas Arnesen Kjærevik frå Varaldsøy.
 Båtane som vart bygde var klinka jekter på 24 til 60 fot.
 Andreas tok nokre lokale gutar i lære som skipstømmermenn, og ein av dei var Otte Ottesen, som seinare grunnla Ottesen Skipsbyggeri i 1825.

Elektrosveis
Elektrosveis vart starta i 1951 av Gustav Alsaker og Trygve 
Ottesen. 
Forløparen til Elektrosveis var Sagvåg Sveis som hadde tilhaldsstad
 på Eriksøyro. Her jobba både Gustav og Trygve som gjekk inn som 
parthavarar når Odd P. Bjelland trekte seg ut og starta opp i Evjo
 på Leirvik. Det vart starten på Leirvik Sveis.


Elektrosveis hadde mykje arbeidsopppdrag, mest ombygging og vøling i starten, seinare nybygg. Den første var Radek, ein 72 fots fiskebåt til brødrene Torgersen i Davanger.
 Den største kontrakten vart skriven i 1960 på fire 122 f. fiskebåter
 til reiarar frå Færøyane. 
Da det tredje nybygget var klart til levering, heldt verksemda båten
 tilbake grunna manglande betaling.
 Men det lukkast ein av medeigarane i båten å stikka ut frå Sagvågen og sette kursen mot Færøyane.
 Tapet vart for stor bør for Elektrosveis, som vart slått konkurs.

Selde til Leirvik Sveis
I januar 1965 selde Sunnhordlandsbanken eigedommen til Leirvik
 Sveis som trong plass for å utrusta skroga som vart bygde på
 Aslaksneset.
 Etter 1965 vart alle båtane som vart bygde på Leirvik Sveis utrusta på Seglneset.
 I tillegg til utrusting av nybygg, skulle A/S Seglneset driva med skipsreparasjonar.
 Litt seinare fekk verkstaden arbeid med stålseksjonar til Stord Verft.


Da tankbåtmarknaden svikta, vart det meir utrusting, men det kom og ein og annan båt for utbetring. Seglneset har utført mange ulike oppdrag som bygging av Nutec testtårn for livbåtar, merdanlegg til oppdrettsnæringa og kanalar til Hydro Karmøy, for å nevna noko.


Etter at Leirvik Sveis kom inn som hovedleverandør av bustadmodular, vart  produksjonen på Seglneset seksjonsdeler til 
bustadane og utrustning.


Ny epoke
1989/90 starta ein ny epoke i historia til bedriften på Vervatåvo, i dag 
Seglneset ..

Leirvik Sveis fekk kontrakten på bygging av bustadmodulen til
 Snorre A – platforma, det vart omstilling fra stål til aluminium på Avd.
 Seglneset.
 Dei siste 20/25 åra har utallige modular blitt bygd og frakta til Aslaksvik
 for samanstilling til store boligkvarter.
 Dei siste prosjekta har vore seksjonar til Gudrun, Edvard Grieg, 
Ivar Aasen, Gina Krog og no sist utvidinga til Oseberg C.
 Den er bygd i sin heilhet på Seglneset i haust, og vert samanstilt i Aslaksvik.


Seglneset har også levert bjeller, løftesøyler og struktur til Petrobras i Brasil, Hebron Canada , Emtunga Sverige og Gdansk i Polen.


Unik kompetanse
Seglneset har tilegna seg ein unik kompetanse på krevjande konstruksjonar frå oppstarten på aluminium for 25 år sidan. 
Ein kompetanse som ikkje er vanleg hyllevare, ein samansveisa gjeng med lang fartstid, som er eit bevis på trivsel og eit godt arbeidsmiljø.

Håpar arbeidsgjengen på Seglneset kan feira 50 års eksistens for 
Avd. Seglneset på Vervatåno i staden for avvikling. Vert kompetansen verdsett, vert det travle dagar med Sverdrup 
produksjon på Seglneset.



Eg set lit til ordtaket : «Det er von i hangande snøre».