Gratis seglas med Seladon for maritimt interessert ungdom

Det har fra 2014 vore eit fellesprosjekt med tittel: «VIND I SEGLA» Ungdom med kurs mot vaksenlivet. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Stord, Fitjar og Bømlo, samt Aktiv Seglas og Smedholmen as – Kyst og Naturlivskule. No tilbyd dei gratis seglas. Foto: FP-arkiv

– Målet har vore å gi ungdom mellom 15 og 17 år eit maritimt tilbod, med basis i aktivitet knytta til Seladon og Smedholmen. Prosjektet har hatt fokus på meistring knytt til segling, navigasjon, sjømannskap, fiske med meir. Ein har og halde båtførarkurs ombord.

Me avsluttar no sesongen med å gje eit gratistilbod om ein kveldstur med Seladon. Tilbodet er for lokale maritimt interesserte ungdomar i alderen 15 til 17 år, heiter det i ei pressemelding.

Rammer for turane er frå kl. 1530 til 2000. Start og slutt på same stad. Begrensa antal deltakarar. Frist for påmelding: Måndag 09 november. 

Turane går frå  desse forskjellige stadane:

Fitjar: 10 november.

Rubbestadneset kai: 11 november.

Leirvik havn: 12 november

Seladon går i tillegg frå Leirvik til Fitjar fredag ettermiddag. Her vert det truleg ledig plassar.  

Om du er interessert, kan du melde di interesse til desse adressene: 

Stord: john.Henrik.Staveland-Saeter@stord.kommune.no  tlf.97552121 

Bømlo: stian.olderkjaer@bomlo.kommune.no tlf. 90951516

Fitjar: einmat@online.no  tlf. 90894857