Austevoll + Bømlo + Fitjar + Stord + Tysnes = sant ?

Sant kan det fort bli. Dei fem kommunene ovanfor har saman laga utkast til ein intensjonsavtale med tanke på muleg kommunesamanslåing. Men ingen ting vert fastsett før det har vore ei rådgjevande folkerøysting og endeleg vedtak i kommunestyra i løpet av våren 2016.

Går ein inn for kommunereform er tanken å byggja ein meir slagkraftig kommune. Ein kommune som får større påverknad på dei regionale og nasjonale prosessane som påverkar innbyggjarane i Sunnhordland. Ein større og meir slagkraftig kommune skal sikra høg fagleg kompetanse og gjere det meir attraktiv for flinke fagfolk å arbeide i kommuneorganisasjonen.

«Sunnhordland kommune»
Mellomtittelen er ein arbeidstittel i arbeidet med ny kommune. Namnekonkurranse vil bli utlyst i løpet av 2016, om det vert ein slik storkommune.

I avtalen går det vidare fram at Leirvik skal vere regionssenter, kommunesenter og by.

Storebø, Svortland, Fitjar og Uggdal skal vere lokalsentra. Dagens kommunar skal vere kommunedelar i den nye kommunen, men kommunedelane skal ha kommunale tenester som offentlege servicekontor, fastlege, helsestasjon og folkebibliotek. Storkommunen vil òg arbeide for at det vert «Post i butikk», bank, lensmannskontor, NAV-kontor, tannlege og handelsverksemd i alle kommunedelane.

Vidare skal rådmannen og dei mest sentrale funksjonane sitje i rådhuset i kommunesenteret. (Les Leirvik). Men rådhusa i kommunedelane skal framleis ha kommunale funksjonar i den nye kommunen, og det skal vere innbyggjarrettleiing og servicekontor i alle rådhusa.

Av andre ting som går fram av avtalen kan me nemne at ein ny kommune må ha eins satsar for eigedomsskatt og at ein samanslåing vil føre til at kvar av kommunedelane må bidra med eit grunntilskot på om lag 12 millionar kroner, samstundes som den nye kommunen tek med seg 5, 4 millionar kroner i småkommunetilskot frå kvar av kommunane Fitjar og Tysnes.

Men ein samanslåing gjer at ein òg får tilskot: Til eingongskostnader 55 millionar kroner og  eit reformtilskot på 25 millionar kroner.

LIke gode skule- og helsetenester som no
Avtalen legg opp til at den nye kommunen skal ha like gode, eller betre, desentraliserte tenester som i dag.

Det vert ikkje endringar i skulestrukturen. Barn og unge skal få tilbod om kulturskule-, barnehage- og skuleplass nært der dei bur.

Det vert heller ikkje nedlegging av sjukeheimsplassar i samband med samanslåinga. Omsorgstilbodet skal organiserast slik at innbyggjarane får nærleik til tenestene.

Ingen tilsette skal miste jobben som følgje av prosessen, og dei skal ikkje få reduksjon i løna si. Eventuell reduksjon i talet på tilsette skal skje ved naturleg avgang.

Heile denne avtalen skal leggjast ut på kommunane sine nettstader, på nettstaden til Samarbeidsrådet for Sunnhordland og på prosjektet sin profil på Facebook. Avtalen legg grunnlaget for avsluttande forhandlingar om endeleg avtale.

Folkerøysting
Kommunane vil, etter at det er forhandla fram ein endeleg avtale, skipa til ei rådgjevande folkerøysting eller innbyggjarundersøking i kommunane. Når det gjennom avsluttande forhandlingar er kome på plass ein endeleg avtale, skal denne distribuerast til alle husstandar i kommunane.

Endeleg avgjerdsle i kommunestyra vil etter planen skje i april/mai 2016.

 

Vert dette den nye storkommunen? Utsnitt av kart frå Bergen og Omland Friluftsråd.