Mange vil huse helsesenter

FItjar kommune må finne lokale til nytt helsesenter, og mange er interesserte i å tilby lokale til føremålet.

Då Fitjar formannskap hadde møte i går, fekk dei orientering av rådmann Atle Tornes om dette. Og rådmannen kunne fortelje om ei rekkje alternativ til plassar der ein kan huse eit slikt senter. 

Her er alternativa som vart nemnd:

1. Kommunen byggjer nytt på eigen tomt vest for parkeringsplassen i sentrum med legesenter i 1. etasje og leilegheiter i 2. etg og event. 3. etg.

2. Larsenbygget – har høveleg areal, og ligg sentralt.  Har to alternativ. 

3. Felles bygg med Fitjar vgs dersom skulen treng nybygg.

4. Sentrumsgarden – kan i utgangspunktet tilby ca 300 m2, men vil vere med på dialog om meir.

5. Fitjar Eigedomsselskap – kan tilby nok areal i 2. etasje i same byggingskompleks som REMA 1000  med påbygg og ombygging.

6. Banklokalet. Kan tilby 360 m2 i 1. etasje, og 80 m2 i andre – på sikt rundt 500 m2. 

7. Fitjar Kultur- og Idrettsbygg – vidare utbygging på baksida.

8. Delt løysing. Plasserer legene i eit felles lokalle Fitjar Bu- og behandlingssenter, medan jordmor fortsett i Havnahuset der dei er i dag. Tre legekontor.