Tøffe kutt for skulen?

Skulesjef John Karsten Raunholm har vore nøydd til å bruke sparekniven på budsjettet. Det kan føre til tøffe tilstandar for skulen. Foto: Håkon C. Hartvedt

I budsjettet som vart lagt fram for Fitjar formannskap i dag, legg ein opp til overføring av 7. klassingane til Rimbareid skule frå 1. august 2016, at Øvrebygda skule vert tre-delt og Sælevik skule vert to-delt frå same dato.

Ekstra delingstimar til Sælevik er lagt inn grunna dette. Like eins auka skyssutgifter. Det er òg teke høgde for at det skal vere opplæring i Mat og Helse på Øvrebygda skule våren 2016.

– Summa summarun vil me spare kr 323 450 på 2016-budsjettet og kr 891 400 dei følgjande åra frå 2017.

Reagerer
Leiar i Utdanningsforbundet i Fitjar, Katrin Ankervold, reagerer på framlegget og meiner at dette er eit særs dårleg budsjett for skulen og opplever at skulen på nytt blir dregen ned i budsjettsamanheng.

– Det skal inn nye naturfagtimar på barnesteget, og det er ikkje teke høgde for dette i budsjettet. Det tyder at ein må ta av delingstimane for å få plass til dette. Ho synest òg det er gale at ein kuttar 101 000 kroner på læremiddelbudsjettet – og at det vil bli ei utfordring i høve til romareal for Rimbareid å ta imot alle 7. klassane. 

.