Fleire flykningefamiliar til Fitjar

Sjølv om Fitjar formannskap er noko kritisk til flyktningemottak i Årskog, gav dei positivt signal til helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen til om å ta imot fleire flyktningefamiliar. Bilete: Helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen orienterer, Foto: Håkon C. Hartvedt

Det skjedde etter at Johansen hadde heldt ei orientering om korleis Fitjar kommune arbeider med omsyn til flyktingane. Ho meinte at det har gått bra med dei familiene som kom til Fitjar i sommar, og fortalde at det ligg i planane at det kjem ein ny familie på fire i desember. Men kan me ta imot endå ein liten familie i år, spurte ho.

Rådmann Atle Tornes meinte at det var mogeleg.

– Me har bustad til dei. Men då er det ønskjeleg at politikarane gir signal om dette allereie i dag, sa han.

Det fekk han. Politikarane gav positivt signal på dette, og truleg kjem det då til saman to nye flyktningefamiliar til Fitjar før jul.