Ikkje asylmottak i Årskog med det første

Fitjar kommune har fått  førespurnad om å ta imot 50-60 flyktningar i alderen 15-18 år i den gamle «Batterifabrikken» sine lokale på Årskog. Det kan i alle fall ikkje skje med det første. Biletet: Atle Tornes gav ei god utgreiing om førespurnaden om flyktningemottak i Årskog. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein av dei største grunnane til det er fylkesmannen har gjeve signal om at det vil krevje heftig omregulering, ikkje berre av bygget, men av heile Håkonar Næringspark.

Under formannskapsmøtet på Rådhuset i dag, gav rådmann Atle Tornes ei grundig utgreiing om saka der han mellom anna nemde dette.

Hastesak
Saka er uansett ei hastesak som ordføraren, og dei andre politikarane, ikkje visste noko om før sist måndag. Fleire av politikarane i formannskapet gav difor uttrykk for at dei opplevde at denne sake vart tredd nedover hovudet på dei, sjølv om dei hadde forståing for det aktuelle behovet – og at ein ønskjer eit snarleg signal frå fitjarpolitikarane.

Ein av dei var Sigurd Andre Maraas (Frp), som ikkje kunne sjå at Fitjar heller ikkje var rigga til å ta imot 50-60 flyktningar no, og at han reagerte med vantru då han fekk vite om denne førespurnaden. 

Agnar Aarskog (A) roste rådmannen rådmannen for god orientering, og var elles einig med Maraas om at FItjar ikkje var klar for dette. Han kunne ikkje sjå at Fitjar var dimensjonert for dette, verken med omsyn til helsetenester eller skule. Han meinte òg at området i Årskog ikkje var eigna for dette.

Dagfinn Brekke (KrF) hadde forståing for at saka må behandlast kjapt og at det er eit prekært nasjonalt behov i denne saka. Han meinte elles at ei slik omfattande omregulering som det er lagt opp til, vil gjere det heile vanskeleg, men at det nok ikkje er siste gongen me får førespurnad om å ta imot flyktningar.

Arne Prestbø (H) såg behovet, men òg han stilte spørsmål om Fitjar var rigga for dette, med omsyn til dei store nye utfordringane som då vil komme med omsyn til skule, helse – og ikkje minst: psykisk helsevern.

Ordførar Wenche Tislevoll (H) såg òg utfordringane i å leggja eit slikt mottak til Årskog med omregulering og det heile. Ho meinte me òg må sjå det heile i samanheng med kor mange asylantar det blir på øya. Og i denne samanhengen må me tenkje skule, helse og fritid. Så fort som det no går, får me ikkje samordna noko. Men me må gi eit signal.

Nokon eintydig konklusjon kan me ikkje seie at politikarane kom fram til i dag, men skal det skje ei omregulering av heile Håkonar Næringspark, vert det i alle fall ikkje noko asylmottak i Årskog med det første. Kanskje ikkje i det heile.