Fotograf Per Egil Larsen tar gjerne med seg den profesjonelle scanneren sin heim til deg om du har bilete du ønskjer å dela med andre. Foto: Kjetil Rydland.

Har du bilete av historisk interesse?

Ei gruppe som arbeider med ei bok til 150-årsjubileet for Fitjar kyrkje, er interessert i bilete som kan finnast i dei 1000 heimane i bygda.

Det finst ganske sikkert mange private bilete rundt om i private fotoalbum som kunne vore med på å gjera ei slik bok interessant.

Dessverre veit me at altfor ofte har folk mist bilete som dei har lånt ut til gode formål. Derfor har me forståing for at folk ikkje har så lyst å gi slepp på bileta sine.

Men no har me funne ei løysing på dette problemet. Den profesjonelle fotografen Per Egil Larsen er meir enn villig til å koma heim til deg dersom du har bilete du har lyst å dela. Det er ikkje noko problem å ta med scanneren og ein laptop og gjere jobben på staden, seier han. Det kan vera eit godt høve til å skaffa seg ein digital kopi av profesjonell kvalitet, skulle me tru?

Dersom du har bilete du vil dela med allmugen, kan du ta kontakt med Kjetil Rydland, på telefon 90 86 36 10.