Vil samarbeide om nettselskap

Dersom det blir krav om at alle nettselskap må skilje sterkare mellom nett- og anna verksemd, vil kraftlaga i Austevoll, Fusa, Tysnes og Fitjar prøve å etablere eit nytt felles nettselskap, heiter det i ei pressemelding frå Elverksjef Håvard Singelstad i Fitjar Kraftlag SA. Han minner samstundes om kundemagasinet Vår Energi. Bilete: Utdrag av ei forside i bladet Vår Energi.

I kundemagasinet Vår Energi som kjem i postkassen måndag–onsdag i veke 46, kan me vidare lese om smarte straummålarar som vil gjere det slutt på målaravlesinga og likevel gje betre informasjon om straumforbruk og -prisar.

Skilje mellom nettverksemda og anna verksemd?
Nettselskapa er i fokus. Styresmaktene ønskjer seg no eit skarpare skilje mellom monopol- og konkurranseutsett verksemd. Det vil seie at styresmaktene ønskjer å skilje ut nettverksemda frå verksemda elles i everka. 

Motstandarane meiner dette fører til sentralisering og kostnadskrevjande byråkrati som du og eg må betale gjennom auka prisar. Diskusjonen kan få konsekvensar for både nettselskapa, eigarane og oss som kundar.

Vår Energi
I vidare omtale av kundemagasinet Vår Energi fortel Singelstad at  ein i bladet òg får opplysningar om korleis ei kommunereform kan påverke nettstrukturen og gi færre nettselskap.

– Vår Energi inneheld også denne gongen fleire sider med gode råd. Visste du at du uavhengig av årsak har krav på kompensasjon dersom straumen er langvarig borte? Korleis bergar du matvarene i frysaren? Du får gode råd for å unngå brann: – Visste du at jula dessverre er brannhøgtid?

Og som vanleg: Du kan vinne ein dab-radio dersom du greier kunnskapstesten inne i bladet. Same premie kan du vinne dersom du løyser det populære Vår Energi-kryssordet, skriv Singelstad, til slutt.

Forsida på bladet som kjem ser du nedanfor.

 

 

ciclos esteroides