Ny leiar i Fitjar Skyttarlag

Fitjar skyttarlag har valt Anna Bodil Hestenes Tislevoll til ny leiar.

På årsmøtet i Fitjar Skyttarlag torsdag i førre veke blei det valt nye leiar i laget, fortel Knut Vik. Det blei Anna Bodil Hestenes Tislevoll, som tar over etter Gisle Vik.

Med seg i styret får ho kasserar Odd Jarle H. Tislevoll og styremedlemmene Kristian Isdahl, Knut Vik og Ann Kristin Gloppen. I tillegg er ungdomsleiaren med i styret; Frode Kloster overtar dette vervet etter Kjell Kristian Midtsæter.

Knut Vik fortel elles at dei må venta litt med den tradisjonelle miniatyrskytinga, for geværa er inne til vedlikehald og reparasjon. Skyttarlaget kjem tilbake med annonse når geværa er klare, seier han til slutt.