Melding frå Fitjar kommune vedr. vindmøllebrannen

Fitjar kommune ved rådmann Atle Tornes har i dag sendt ut ei pressemelding vedr. brannen i vindmølla på Midtfjellet. Pressemeldinga kan du lese nedanfor.

«Laurdag 31 oktober var det brann i ei vindmølle i Midtfjellet vindpark, og mølla vart heilt utbrent.

Kommunen har i dag hatt møte med selskapet for å få vurdert situasjonen. Det er for tidleg å sei noko om årsak og omfang av skaden, då det er etablert ein tryggleikssone på 300 meter ferdselsforbod rundt mølla. Selskapet ventar på ekspertar frå Tyskland for å få evaluert skaden. Dei vil og ta avgjerd om når det kan bli lov til å nærma seg mølla.

Det har vore fokusert på mogleg forureining av olje til omgjevnadene.
Kommunen vil visa til at det er to(tre) barrierar for å hindra forureining frå møller.
Den første barrieren er inne i mølla, den neste ligg i fundamenten under og kring mølla.
I tillegg er det for dei to møllene som ligg nær nedslagsfeltet til vassforsyninga etablert ytterlegare ein barriere i området ikring, som vil leia forureining bort frå nedslagsfeltet.

Kommunen vurderer det som særs lite sannsynleg at møllene vil kunna årsaka forureining av drikkevatnet.

 

Atle Tornes
Rådmann