Fleire spennande forfattarbesøk denne veka

Denne veka vert Fitjar vitja av fleire forfattarar.

Tysdag 3. november kjem forfattar Maria Parr (spesielt kjent for boka Vaffelhjarte som NRK laga tv-serie av) til 4.klasse på Rimbareid skule kl.10.00. Dei får òg vitjing av ein iransk forfattar som òg har vore på skulen i dag.

Onsdag 4.november kl.18 skal forfattar Ingunn Røyset lese frå barnebøkene ho har skrive om krigen,  og Trio vest spelar.
Dette arrangementet er ope for alle, finn stad på Fitjar folkebibliotek – og er støtta av den kulturelle spaserstokken. 

Torsdag 5.november kjem Bente Bratlund til 9.klassane på Rimbareid skule kl. 12.00

Det same arrangementet skal også visast for 7.klassane i Fitjar kommune, fredag 6.november kl.10, på Rimbareid skule.