Lillian Gjuvsland i skotet. Foto: Kjetil Rydland.

Handballdamene vann igjen

Fitjardamene hadde ingen problem med Kjøkkelvik 3, og vann søndagens heimekamp så klart som 31-20.

Håndballdamene viste betre innsats og spel enn sist søndag, då dei møtte Kjøkkelvik 3 til seriekamp på heimebane i dag. Sigeren blei så klar som 31-20 til slutt. Også denne gongen blei det litt for mange bomskot, men jentene viste likevel klar framgang.

Dei var naturlegvis glade for å kunna gi trenar Trond Arnevik ein siger i siste kampen før han reiser til London på jobb.

Med tre sigrar så langt ligg Fitjar fint plassert på tabellen i 5. divisjon. Neste heimekamp er tysdag 10. november, mot Åsane 2.

FitjarKjøkkelvik 3: 3120 (1310)
Fitjar kultur- og idrettsbygg
Søndag 1. november kl. 15.00
Publikum: 50
Dommarar: Håkon Tverborgvik og Thor Gunnar Bakke

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes):
Ida Sæterbø Fitjar (k), Lisa Folkedal (k), Miriam Almås (7), Emilie Hystad, Marita Nysæther (1), Maria Larsen (4), Charlotte Ayoe Levåg (6), Lillian Gjuvsland (1), Anna Thorland, Sofie Ø. Næss (2), Julie Skjerve Jensen (2), Ingvild Rimmereid (8).