Flott start for koret

Det nye kyrkjekoret song i Fitjar kyrkje i dag. Det var ei god oppleving. Foto: Håkon C. Hartvedt

Så lenge har dei ikkje halde på, men det me fekk høyre i dag ber bod om at det kan kome mange gode koropplevingar i kyrkja i tida framover. Kantor Jan Overweg har gjort ein god jobb for å få dette til.

Skal koret bli endå betre kan han etter vårt syn jobba med å få mannstemmene til å klinga som ein stor, homogen tone – og la solistane bruke mikrofon. Lisa Instefjord som song solo i dag, har ei flott stemme, men utan mikrofon vart ho for svak i dag.

Ei god og fin oppleving var det uansett – og to flotte songar – begge henta frå Eivind Skeie sitt verk « Visst skal våren komme». Songane var «Å, denne kjelde» og « Du vind som varmar meg». Me høyrer gjerne fleire songar frå dette verket.

Men først skal det vere julekonsert, og koret er allereie i gang med å øve på juleprogrammet.

Allehelgensdag
Gudstenesta i dag var elles prega av at det er Allehelgendag. 29 lys vart tent på globen framme i koret etter kvart som namnet på dei som har gått bort det siste året vart lesne opp. Ei god og fin markering. Mange av dei pårørande var møtt fram, og det var mest fullsett i kyrkja i dag.

Sokneprest Olav Oma tala om lys og salt ut ifrå dagens preiketekst.

– Det er viktig å våge å  handle etter det som er rett – og å bry seg. Har Gud elska oss, skuldar me å elske kvarande, sa han mellom anna.