«Tilbakelent» og vakkert

Kvelden med «Tenorane» i FKIB i kveld vart ei «tilbakelent» og vakker oppleving der òg latteren fekk spelerom. F.v. Aasmund Kaldestad, Henrik Hundsnes og Ole Marius Ryan. Foto: Håkon C. Hartvedt

Aldri før har me sett denne gjengen finne på så mange abglegøyar som i kveld, og dei gjorde det med stor musikalitet – og i mange forskjellige sjangrar med norske tekstar. Kjempebra! Ei deilig avslappande framføring som det var kjekt å få med seg på ein laurdagskveld.

Me oppdaga dei allereie i starten i måten dei kom inn på. Pianisten først, så to av dei gjennom publikumsdøra før den tredje av tenorane kom inn sceneinngangen. Og songen: svakt pianissimo, der to nynna akkordetterslag medan den tredje song melodien. Uformelt, avlappande og artig.

Og slik fortsette det. Stadig nye påfunn. Stadig nye artige arrangement og kreative koreografiar.

Ole Marius Ryan er nok tenoren med størst pondus og den som ein set inn i dei store klassiske ariane. Slik som i kveld når han song «Nessum dorma». Foto: Håkon C. Hartvedt

Henrik Hundsnes har ein aldeles nydeleg falsett. Foto: Håkon C. Hartvedt

Aasmund Kaldestad har i tillegg til ei vakker tenorstemme òg eit stort skodespelartalent. Noko som ikkje minst kom fram i «Historien om tenoren Tore Halvorsen». Foto: Håkon C. Hartvedt

Me hadde nok forventa og vona på fleire klassiske operette- og operasvisker. Eit god plaster på såret var likevel nemnde «Nessum dorma» og operette-medley-en dei slutta konserten med. 

Og så ekstranummeret då. «Min kjære gut». Danny Boy i ei særs god oversetjing av Per Olav Kaldestad. Aldeles nydeleg.

Ein god del folk fekk med seg konserten, men det burde ha vore mange fleire.