Forkynner i mor si heimbygd

Håkon Garvo er fødd og oppvaksen i Vestre Jakobselv ved Vadsø. Men mora Johanne Helland er ifrå Fitjar. Denne veke er Håkon «emissær» i mor si heimbygd. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Korleis er det, Håkon ?

– Veldig spennande. Eg kjenner meg heime her. Eg opplever at eg kan prate om kva som helst. Det er godt.

Tidlegare har eg halde nokre møte i Øvrebygda, men denne gongen ei møteveke. Det likar eg. På den måten vert eg meir kjend med folk, og det er lettare å kome med ein djupare bodskap. 

Til turen på Fitjar er han kalla av Indremisjonssamskipnaden ved Arne Lindekleiv. Men perioden han har vore i Samskipnaden er på to veker, så Håkon har vore på Bogøy i Fusa, på Tysnes og på Huglo før han sluttar av med denne veka på Fitjar.

– Her seier det i alle fall namnet mitt rett, smiler Håkon Garvo. Ein annan plass kalla dei meg for Håkon Gravo, ler han.

Lundaneset og Fjellheim
Håkon har gått på Lundaneset vidaregåande skule, og var aktiv i kristen samanheng der. Men verkeleg trygg i trua vart han først på bibelskolen Fjellheim i Tromsø. Etter bibelskolen drog han tilbake til Finnmark og var eitt-åring i Finnmark Indremisjon. Her fekk han god erfaring i det han reiste saman med ein annan forkynnar som gav han mange forskjellige oppgåver.

I dag har Håkon ein kombistilling med 30 prosent jobb som barne- og ungdomsarbeidar i Finnmark Indremisjon, 20 % kontorarbeid og 30 prosent som forkynnar i Indremisjonsforbundet. Og det er altså Indremisjonsforbundet som har sendt han til Samskipnaden og Fitjar.

I kveld kl 18.00 skal han tale på Familiemøte i Fitjar bedehus, og i morgon kveld skal han tale på søndagsmøte kl. 19.30.

– Då skal eg tale om den barmhjertige samaritan som eg har fått sjå på ein ny måte. Det gler eg meg til, seier han, til slutt.