Brann i vindmølle i natt

 

Rundt kl 05.00 i natt  brann det heftig i ei av vindmøllene på Midtfjellet. Brannvesenet fekk melding frå Jostein Prestbø som såg flammane heimefrå. Det var mølle 44 som brann. Bilete: Me ser at generatorhuset er heilt utbrent. Foto: Hergeir Tveit

Fitjarposten var ute for å observere rundt kl 05.30 minuttar etterpå, men då såg me ingenting. Det tyder at brannen vart fort sløkt.

Det stadfestar òg Johan Nilsern i Fitjar Brannvesen som var ein av dei som køyrde opp til mølla.

– Då me kom fram var mølla mest utbrent, men ho har nok brunne ei god stund før brannen vart observert, seier han til fitjarposten.no, og legg til at det ville vore mest umogeleg for dei  å sløkkja brann i ei vindmølle. Han kan vidare fortelje generatorhuset er heilt borte, og at restar av det har falle ned på bakken.

Området rundt vindmølla er no sperra av. Det er  farleg for folk å gå nær denne no, seier Johan Nilsen.

Stoppar dei andre vindmøllene
Dagleg leiar Erik Mortensen i Midtfjellet Vindpark AS seier til fitjarposten.no at dei no stengjer av dei andre turbinane – fram til ein veit årsaka til  brannen. For årsaka er framleis ukjent, og Mortensen vil ikkje spekulere i kva som kan ha skjedd. Men vidare analysar vil avdekke det, vonar han. HMS avdelinga til Nordex og Midtfjellet er allereie sett i verk. Elles er Midtfjellet Vindpark AS forsikra mot slike skadar.

Erik Mortensen understrekar elles det same som Johan Nilsen uttalte ovanfor at det er farleg å gå nær denne vindmølla no, og han ber folk om å ta denne åtvaringa alvorleg og halde avstand til turbin 44.

 

Me ser at det har vore brann den midterste av desse vindmøllene. Bileta er tekne frå Osterneset. Foto: Heirgeir Tveit