«Tenorane» tilbake

-Velkommen til tenorshowet der tre klassisk skulerte songarar leikar seg gjennom ulike musikalske sjangrar med sjarm, humor og alvor. Med seg har dei den prisvinnande pianisten Steffen Horn, skriv Ole Bergesen i FKIB på Facebook før showet i morgon kveld.

«Tenorane» har gjesta Fitjar før med stor suksess, og det er ingen grunn til å tru anna enn at dei vil senda publikum heim med ein svært god oppleving denne gongen òg. 

Dei vil framføre neapolitanske sviskar, svenske klassiske perler, songar av Beatles, Roy Orbison, folkeviser, operettar, operaariar og ei spesiell helsing til Jussi Björling. Det meste framført på klingande nynorsk!

Showet er regissert og koreografert av Tomas Glans som mellom anna har hatt stor suksess i 2014 med den norske versjonen av musikalen «Billy Elliot» med over 60.000 besøkjande.

Gruppa vart starta i 2011 og har heile vegen jobba med å gjere kjende klassikarar om til norsk. Dei har gjeve ut singelen Danny boy, som har blitt til «Min kjære gut» i Per Olav Kaldestad i gjendikting. Med seg på laget har dei og forfattarane Ragnar Hovland og Arnt Birkedal.

Konserten finn stad i kultursalen i morgon kveld kl 19.00 (Sjå annonsa nedanfor). Billettar kan du bestille 941 32 310, på e-post: ole@fkib.no eller kjøpe i døra. Det vert nummererte plassar i Amfi.