Syng på gudsteneste for første gong

I haust starta Jan Overweg, som er den nye kantoren i Fitjar kyrkje, eit nytt blandakor. Komande søndag – Helgemessesøndag – deltek koret for første gong i gudstenesta i Fitjar kyrkje. Foto: Torbjørn Hovland

Det hadde lenge vore eit ønskje frå både kantoren og kyrkjelyden å etablera eit kyrkjekor som kunne vera ein del av gudstenestelivet i Fitjar kyrkje, då ein starta opp i haust. Og oppstarten har gått bra.

Owerveg fortel i ei pressemelding at koret no har 23 medlemer, og at det har vore korøving kvar onsdagkveld sidan byrjinga av september.

Under gudstenesta på søndag vil koret framføre to songar av Eyvind Skeie / Sigvald Tveit, og dei vert òg med på julekonserten 6. desember i Fitjar kyrkje.

Stiftingsmøte
I går – onsdag 28. oktober – var det eit formelt stiftingsmøte med godkjenning av vedtekter. 

Koret har fått namnet Fitjar kyrkjekor. Styreleiar er Olaug Gloppen, og ho får med seg Kari Anita Larsen og Harald Skumsnes som styremedlemer.