Ein engasjert Ole Christian Ottestad instruerer det han er god for. Foto: Arne Vestbøstad

 

– Det skal vera ein lang legatobevegelse!

 

Med ein knapp månad att til premiera på kabareten Norge Rundt, har ikkje Osternes Mannskor noko alternativ til å terpa på detaljane.

 

Dirigent Ole Christian Ottestad går kvilelaust fram og tilbake mellom medlemmene i mannskoret, medan han lyttar. Meldingar som «Ingen skal pusta mellom dei to amena», «Me droppar Førarkort» (med lensmann Svein Lunde til stades!) og «Det me slit med no, folkens, er presisjon og at det skal vera svakt der me skal syngja fort» susar gjennom rommet. Det er ingen tvil: Dette er ein mann som veit kva han vil, og no er det opp til Osternes Mannskor å få det til.

Som ein kunstnarleg leiar, saman med Svein Tørnquist, kjenner han likevel at dei er i rute. Notane, som Tørnquist har arrangert for mannskor, blei delt ut i starten av året, og etter sommarferien har dei hovudsakleg øvd på songane til kabareten. Ottestad reknar med at det er tid nok fram til alt skal vera på plass. 

– Me brukar dei faste øvingsdagane våre, fram til siste veka før premieren. Då blir det øvingar kvar dag. Ting dett gjerne på plass mot slutten, fortel Ottestad. Han veit etter kvart korleis det fungerer, etter som han har vore dirigent for mannskoret sidan 2000.

– Dette blir fjerde gongen me lagar ein slik kabaret. Den er etter modell av NRK-programmet Norge Rundt. Me flyttar oss rundt i landet og har med songar som representerer dei ulike landsdelane, fortel Ottestad.

 

Svein Lunde, Kristen Helland og Roald Drønen sikrar seg at dei kan teksten. Enno er det tid om den ikkje sit heilt… Foto: Arne Vestbøstad

 

Logokrøll

Det var ikkje berre ideen dei henta frå NRK-programmet. På dei første plakatane hadde dei henta logo frå programmet, men det gjekk ikkje så bra, fortel Karvel Strømme. Redaksjonsleiar i programmet, Lise May Spissøy, kunne ikkje gje slepp på logoen, men ønskte mannskoret lukke til med prosjektet.

– Då måtte me trykkja opp nye plakatar i ein fart. Men me inviterte henne til premiera, men eg veit ikkje om ho dukkar opp, fortel Strømme.

To andre damer som heilt sikkert dukkar opp, er Guri Refvik og Ann-Sofie Drønen. Dei skal bidra som solistar. I tillegg blir det musikalsk støtte av Terje Træet og Heine Helland

 

Terje Træet (trommer), Heine Helland (bass) og Svein Tørnquist (piano) sørgjer for tonefølgje frå bakerste rad. Foto: Arne Vestbøstad

 

Spenstige

Koret har tidlegare vist at dei er meir enn berre fjordar som blånar. Dei som har vore på dei tidlegare framsyningane, veit at ein kan venta seg litt av kvart av sterke scener undervegs. Sidan koret no byrjar å bli røynde i den lettare underhaldningsbransjen, stadfestar Ottestad at det etterkvart har blitt lettare å be koristane delta i ablegøyene no enn det var første gong. Desse påfunna er det nok mange hugsar like godt som kva songar som blei framført. Ottestad fortel at det også i år vil vera noko å gleda seg til undervegs, men held førebels korta tett til brystet.

 

Tek imot med opne armar

I dag tel koret 25 mann, og Ottestad tek gjerne imot fleire songglade røyster, innfor alle stemmene i koret.

– Folk trur kanskje at dei må kunna lesa notar for å vera med, men det er ikkje tilfelle. Dei som kan lesa notar har eit føremonn, men no vil me i større grad ta i bruk lydfiler når me øver inn stemmene, utdjupar han.

Og kabaretar med lått, løye og fin song er nok heller ikkje noko dårleg rekrutteringstiltak.