Fornyar alt av kjøl og frys

Det er ikkje vanskeleg å sjå at noko er på gang hos SPAR Fitjar. I kroken ved kjøttdisken er det hektisk byggjeaktivitet. Men kundane går gode tider i vente. På biletet ser me Egidijus (t.v.) og Andrius frå firmaet Huurre i arbeid med kjølerommet. Foto: Håkon C. Hartvedt

For som med andre butikkfornyingar, gjer ein dette for å gje kundane eit betre tilbod.

-Me skiftar alt av kjøl og frys, lagar til eit nytt kjølerom og set dører på alle fryse- og kjøtdiskar. Det sikrar kvaliteten på maten – og er energisparande og miljøvennleg, seier Odd Sverre Larsen.

– Det heile vil nok føre til at butikken må leggjast noko om. Men av erfaring veit me at kundane våre er svært flinke til å tilpassa seg, og me trur det går seg greitt til etter kvart, legg han til.

Utanfor butikken jobba Egidius og Andrus frå Lithauen med å skjere til element til kjølerommet ved sida av kjøttdisken, og monterte dei så der dei skulle vere, med dyktig fagkompetanse. Flott å sjå på.

Egidius skjer takplate. Foto: Håkon C. Hartvedt