Isolerer forlyd frå Seniorsenteret

Fitjar folkebibliotek var ei stund plaga med at lyden frå Fitjar Seniorsenter sitt lokale i FKIB vart litt for høyrbar i biblioteket. No vert dette bøtt på.  På biletet: Geir og Ole Johan Raunholm i arbeid med golvet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Då Fitjarposten var oppom tidlegare i dag, var ein i gang med å ferdiggjere dempingstiltaket.

– Me har no lagt trinnlydsplater underst, så sponplater oppå – og oppå der igjen det gamle golvet, fortalde Geir Raunholm, som meinte at det no skulle bli klart betre avdemping enn det har vore. Om ikkje lenge kan òg kjøkenet setjast på plass igjen.

Så om ikkje lenge er nok Fitjar Seniorsenter i full drift att.