Fakkeltog for forfølgde kristne i kveld

Det vert fakkeltog for forfølgde kristne med start frå torget på Leirvik i kveld kl 18.00. I år som i fjor er Rune Larsen med. Biletet: Frå fakkeltogsamlinga på Leirvik i fjor. Foto: FP-arkiv/HCH

– Det me ser no er det mest grufulle som har skjedd sidan andre verdskrig. Den gongen blei jødane drepne fordi dei var jødar. No blir kristne drepne fordi dei er kristne, seier Larsen i ein kommentar til Sunnhordland.

Rune Larsen vil halde appell på Torget og tale i kyrkja der òg koret Iktus vert med. Fakkeltoget går frå torget til kyrkja, og er det som i fjor, får ein tak i faklar på torget før starten på toget.