Ingvild Rimmereid scorar mot Kleppestø. Foto: Kjetil Rydland.

Damene vann over Kleppestø

Søndag ettermiddag slo handballdamene Kleppestø med 2421 i ein middels kamp.

Personlege feil og stolpeskot prega damekampen mot Kleppestø, ein kamp som Fitjar burde ha avgjort tidleg i første omgang. Heimelaget gjekk føringa frå start, og var oppe i ei firemålsleiing 106. Men kvar gong dei såg ut til å knekka motstandaren sin, klarte gjestene å klora seg fast. Mykje takka vere feilpasningar og dårlege skot av heimespelarane.

På slutten av første omgang var gjestene på full fart inn i kampen, men Miriam Almås kom inn frå vingen scora flott heilt oppe i vinkelen. Dermed kunne Fitjar gå til pause med brukbare 1310.

Andre omgang utvikla seg om lag som den første. Gong på gong såg Fitjar ut til å dra frå for alvor. Men gjestene klorte seg fast, takka vere feil frå Fitjar-damene si side. Det må òg nemnast at gjestene hadde ein god keeper i Karina P. Borlaug. Ho stod for dagens prestasjon då ho redda skotet frå Ingvild Rimmereid, som kom rasande i full faret inn i feltet. Sikkert den beste handballredninga me har sett i hallen vår.

10 minutt før slutt var leiinga nede i eitt mål. Men fleire utvisningar på bortelaget sine damer og frimerke på toppscoraren Tonje Serine Tveitnes medverka til at dei aldri kom heilt à jour. Og i sluttminuttet fekk dagens toppscorar for Fitjar, Miriam Almås, gleda av å fastsetja sluttresultatet til 2421 for Fitjar.

Med to sigrar så langt ligg Fitjar fint plassert midt på tabellen i 5. divisjon. Neste heimekamp er søndag 1. november, mot Kjøkkelvik 3.

Fitjar-Kleppestø 2421 (1310)
Fitjar kultur- og idrettsbygg
Søndag 25. oktober kl. 14.55
Publikum: 60
Dommarar: Håkon Tverborgvik og Thor Gunnar Bakke

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes):
Ida Sæterbø Fitjar (k), Lisa Folkedal (k), Miriam Almås (7), Emilie Hystad, Marita Nysæther, Charlotte Ayoe Levåg (5), Lillian Gjuvsland (5), Anna Thorland, Julie Skjerve Jensen (2), Ingvild Rimmereid (5).