Strålande konsert

 

Namnet Corona tyder å stråla, og det var akkurat det damene i koret gjorde denne kvelden.

 

 

Laurdag gjekk den første av to jubileumskonsertar med damekoret Corona av stabelen på Fitjar. Flinke folk går aldri av moten, så koret Corona må gjerne halda på i ti år til. Minst.

 

Koret har medlemmer frå Fitjar og Stord, og viste tydeleg at dei ikkje står noko tilbake for nokon annan plass når det kjem til vakre og samstemte stemmer. Det viste dei også med å vinna dameklassen i konkurransen «Syng for oss» i Grieghallen i 2012. Her er det «faglege» på plass.

 

Sjølve strukturen på konserten var lagt opp litt som Ønskekonserten var det «i gamle dagar». Det opna med tradisjonelle og norske nummer, før det kom songar med engelsk tekst og fengande rytmar. Men her var det ingen grunn til å skru av halvvegs.

 

Så korleis høyrdest det ut? Første nummeret starta med så lågt volum at det nesten var vanskeleg å få med seg at konserten hadde starta. Men det tok seg opp volum-messig, slik at det ikkje var nokon tvil om at no var jubileet i gong. Med 15 av 17 medlemmer på scena viste koret at dei kan syngje fint. Og på nummeret «Å vesle Kari vår» viste dei noko av det som fører dei til topps i konkurransar. Her var det imponerande presisjon og dynamikk, utan at det tok noko vekk frå sjølve songen. Eit absolutt høgdepunkt i den første avdelinga.

 

Så fekk Osternes Mannskor sin tur. Med bømla-huer, islendarar og kofter framførte dei songar av Salhuskvintetten og Johannes Kleppevik, slik berre dei kan. Det var nok fleire i publikum som kjente at det nappa, det nappa, det nappa i godfoten då mannskoret drog på med songar som «Fiskarlåt» av Salhuskvintetten.

 

I siste avdelinga til Corona, tok dei publikum med til det store utlandet. Her krydra dei også med solistar; Martin Hatlevik var solist på «When I Fall in Love» og Johanne Engevik Olsen på «Deirdres samba» av CornelisVreeswijk. Og sistnemnte var høgdepunktet i denne avdelinga. Ein kan fort bli freista til å finna tid og pengar til å kjøpa ein samba av Corona når det blir på det viset. Nummeret vart framført på eit så snedig vis at når songen var ferdig, kom det eit imponert «hmmm!» frå delar av publikum.

 

Det var ein flott konsert. Corona verkar til å vera ein litt sjenert og flink tiåring. Det hadde vore spennande om dei våga ta litt større plass på scena. Det hadde også vore kjekt om konserten hadde hatt meir enn eitt nummer der damekoret og mannskoret møttest. Men det kan bli neste jubileum.