3AB laga basar

Klasse 3AB bestemte at dei ville laga basar og gi pengane til Redd Barna og flyktningane i Syria, skriv lærar Solveig Sætre Thunsetvedt i eit referat ho har sendt til Fitjarposten. 

Me laga invitasjon og inviterte foreldre, søsken og besteforeldre. Positive foreldre fordelte arbeidsoppgåver og hjelpte til. Nokre baka platekaker, bollar og pizzasnurrar. Andre hadde oppgåve med å rydde til før og etterpå. Nokre hadde kjøkkenvakt, medan andre stod for sal av mat og drikke. Andre igjen hjelpte til med loddsal og trekking av gevinstar. Elevane bidrog med opplesing og song. Det klarte dei godt og det var lett å sjå at publikum sette stor pris på framføringa.

Inngongspartiet i gymsalen på Rimbareid ønskte basargjengarane velkommen. Foto: Privat

Før basaren gjorde Mette Haldorsen ein stor jobb med å laga lister over kven som skulle gjera kva. Ho hadde kontroll over innsamling av gevinstar. Alle elevar og vaksne i klassane bidrog og så fekk me gevinstar frå butikkar og frisørsalongane i Fitjar.

På basaren ønskte elevane velkommen, og fortalte om kvifor det er viktig å hjelpa. Foto: Privat
Elevane fortalde at mange barn må flykta frå Syria. Foto: Privat

Elevane fortalde om korleis barn har det medan dei er på flukt. Dei bur i leirer og har lite mat og kle. Barna fortel at dei ikkje har noko håp. Dei er svoltne, ofte sjuke og dei har ikkje tilgang til reint vatn. Redd Barna hjelper rundt to millionar barn som bur i Syria og nabolandene. Før vinteren deler Redd Barna ut tepper og varme kler.

Konflikten i Syria har fått meir enn fire millionar til å flykta frå landet sidan 2011. Dei fleste av barna som flyktar til Europa kjem frå Syria. Fitjar Kommune har teke i mot flyktningar frå Syria. Me er glade for å ha fått ein ny elev i 3. klasse. Det er far hans som som har teke bileta.

Elevane viste veggbilete dei har laga som illustrerer kor godt me har det her i Norge og kor vanskeleg mange har det i andre land. Foto: Privat

3A og 3B song «Morgendagens søsken». Kitty Træet leia elevane gjennom songen.

3A song «Du kjære lille snickerbo» og 3B song «Lille katt». frå Emil i Lønneberg

Elevane sa dei ville hjelpa alle som er i flyktningeleirar og oppfordra folk å kjøpa mykje mat og mange lodd. Det var rundt 220 familiemedlemmer på basaren vår. Og dei var svært flinke til å kjøpa mat og lodd.

Klasse 3AB klarte å få inn kr 25.495 til Redd Barna.

Tusen takk til elevar, foreldre, søsken, besteforeldre og andre som har medverka til eit så flott resultat.

Mette Haldorsen

Kitty Træet

Solveig Sætre Thunestvedt