Wärtsilä-kontrakt til Fitjar

 

Wärtsilä-kontoret på Fitjar har fått kontrakten med å om-designa båten «Vestland Cygnus» frå eit plattform-forsyningsfartøy til eit vindmøllefartøy.

 

 

Kontrakten vart underskriven i oktober, og inneber fleire endringar på båten. Det skal byggjast ein bustad-modul med plass til 134 personar, ein offshore-krane på 100 tonn og rekkevidd på 40 meter, samt eit gangbru-system for overføring av personell til offshore-installasjonar på ein trygg måte.

 

Ombygginga skal skje ved Fjellstrand verft og vera ferdig innan juni 2016. Skipet skal opererast av selskapet Vestland Offshore og frakta personell til og frå vindparkar.

 

– Me har utvikla mange konsept for vindmøllefartøy, både til nybygg og ombyggingsprosjekt, og vårt design passar veldig godt til den nye profilen til dette fartøyet. Me har jobba tett med Fjellstrand i mange år og på mange prosjekt, og samarbeidet mellom selskapa våre er svært godt, uttalar Ove Wilhelmsen, administrerande direktør i Wärtsilä Ship Design Norway i ei pressemelding.

 

 

Båten var i utgongspunktet også eit Wârtsilä-design og vart levert til Fjellstrand i april 2015 og vil bli klassifisert som SPS (Special Purpose Ships).