Konstituerande møte i kommunestyret

 

Det nyvalde kommunestyret hadde konstituerande møte onsdag 21. oktober. Alle medlemene møtte. Bilete: Ordføraren ynskjer det nye kommunestyret velkomen. Foto: Harald Johan Sandvik

Ordførar Wenche Tislevoll ynskte representantane velkomne til ein ny periode, og nemnde spesielt dei fem nye representantane: Bjørg Karin Tislevoll, H, Ole Bergesen, H, Vigdis Røen Leirvik, Ap, Karen Elisabet Rydland Sæbø, Sp og Svein Malvin Maraas, Frp. 

Først vart kommunestyrevalet 2015 formelt godkjent.

Deretter vart følgjande val gjennomførte:

Formannskap, vald etter høvetalsval:
Wenche Tislevoll, H, Agnar Aarskog, Ap, Arne Prestbø, H, Dagfinn Brekke, KrF og Sigurd Andrè Maraas, Frp. 

Ordførar: Wenche Tislevoll, H, vart samrøystes vald. Dagfinn Brekke, KrF, tok ordet og sa at KrF hadde gått til val med ein klar ordførarkandidat, men det er ikkje fleirtal for Harald Rydland i dag. KrF fremjar difor ikkje motkandidat, men støttar Wenche Tislevoll.

Ordføraren takka for tilliten, og gav uttrykk for at ho var audmjuk og stolt over å verta vald for fire nye år. Det er ei gjevande, spanande og krevjande oppgåve som ho tar på største alvor. Ho er ordførar for alle, og ho vil vera lett tilgjengeleg. 

Varaordførar: Agnar Aarskog, Ap. Skriftleg val, 15 røyster, 2 blanke stemmer. 

Kontrollutval, samrøystes: Leiar Svein Malvin Maraas, Frp, nestleiar Gro Rydland, Sp, Ove Gjerde, Ap, Geirmund Aga, H, Rune Helland, KrF.

Utval for plan- og miljø, samrøystes: Leiar Torstein Grimen, nestleiar Annar Westerheim, Bente Karin Isdahl, H, Bård Inge Sørfonn, KrF, Karen Elisabet Rydland Sæbø, Sp.  

Utval for oppvekst og omsorg, samrøystes:
Leiar Grete Marit Veka Maraas, Sp, nestleiar Vigdis Røen Leirvik, Ap, Terje Træet, H, Ole Bergesen, H, Harald Rydland, KrF.

Valnemnd: Leiar Wenche Tislevoll, H, nestleiar Agnar Aarskog, Ap, Dagfinn Brekke, KrF, Sigurd Andrè Maraas og Grete Marit Veka Maraas, Sp.

Val av representant og vara til fylkeskrinsen i Kommunenes sentralforbund, KS, samrøystes: Representant: Wenche Tislevoll, H, vara Agnar Aarskog, Ap.

Val av 3 representantar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland: Ida Marlen Havn, Ap, Karen Elisabet Rydland Sæbø, Sp, Harald Rydland, KrF. 

 

  Dei nye representantane har funne plassane sine. Foto: Harald Johan Sandvik