Hausttakkefest i kyrkja

 – Familiegudstenesta på søndag var ein flott  hausttakkefest, skriv avtroppande soknerådsleiar Torunn Aarskog til fitjarposten.no. Foto: Elin Korneliussen

Ho fortel vidare at bygdekvinnelaget hadde pynta kyrkja nydeleg med haustens grøde, og barnehageborna frå Bakken barnehage deltok i prosesjon med korger fulle av frukt og grønsaker – og at dei hadde songinnslag.

Song ved Bakken barnehage. Foto: Elin Korneliussen

– Sokneprest Olav J. Oma fekk konfirmantar og vaksne med seg i dramatiseringa av dagens tekst som handla om å vera takksam for det vi har fått ! Og me vil seia takk for den gode stunda me fekk i lag!, skriv Aarskog, til slutt.

Foto: Elin Korneliussen