Startskotet går for Minidalten, med 81 deltakarar, som er ny rekord. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjardalten 2015 – ein folkefest!

Godvêr og folkefest då Fitjardalten gjekk av stabelen ved Fitjar kultur- og idrettsbygg i dag.

Dei sprekaste mennene og kvinnene i Fitjar fekk som vanleg sterk konkurranse frå tilreisane då Fitjardalten blei avvvikla i dag. Frå Bergen kom den kjente Fitjar-venen Bjørn Tore Taranger, som er i verdseliten i «ultraløp», løp på 24 timar og på 100 km. Men det synte seg snart at det var den lettbeinte ungdommen Lars Lunde frå Stord som skulle bli dagens mann. Han sprang inn til suveren siger på ny løyperekord, 20,03.

Dermed måtte Taranger nøya seg med andreplassen, og fekk ikkje med seg vandrepokalen som han har to napp i frå før. På tredjeplassen kom ein annan ungdom frå Stord; Arne Jordåen vann klassen gutar 13-15 år på den imponerande tida 22,51.

Fitjarjenta Nina Aarbø Olsen vann ein klar siger i dameklassen. Med tida 26,06 var ho nesten halvtanna minutt føre Ina Engevik, også ho frå Fitjar. Maria Nerhus Bjelland blei nummer tre. Blant dei yngste deltakarane imponerte Halvor Aga på 10 år med vinnartida 28,29. Linnea Vestbøstad på 11 år sprang som yngste jente inn til 29,48. 

Då dei sprekaste hadde kome seg vel av garde, starta heile 81 unge løparar i Minidalten. Talet er ein markert auke frå i fjor. I dette løpet er alle vinnarar, og ved målpassering stod Aina Vestbøstad og Hilde Førre med medalje til kvar enkelt løpar. Med rundt løypa var ein del foreldre og dei to maskotane Labb og Line.

Etter at løpet ute var ferdig, heldt fokefesten fram inne i idrettshallen. Her var det kiosk, åresal og loddtrekning. Mange nytta høvet til å ta søndagsmiddagen i god selskap. Men det store trekkplasteret var naturlegvis showet til Vennebyen. Det slo som venta godt an, spesielt hos dei minste. Det var sikkert over 500 til stades under showet, der dei unge fekk læra nødnummera 110, 112 og 113. Ungane song og dansa med, og dei fekk ta på og klemma dei kjære figurane frå Vennebyen.

I tillegg til dei 60 sprekingane som sprang Fitjardalten på tid, gjekk 89 spreke fitjarbuar i alle aldrar den same runden i litt meir moderat tempo. I morgon kveld er det oppsamlingsheat for etternølarar og arrangørstaben i søndagens løp. Dermed vil nok det endelege talet for 2015 bli langt over 150.


Unge Lars Lunde frå Stord går i mål som bestemann med ny løyperekord i Fitjardalten. Foto: Kjetil Rydland.


Rune Kvilhaugsvik gav alt og blei nest best av dei lokale løparane. Foto: Kjetil Rydland.


Karl André Rydland har trent sidan ferien, og imponerte med ein 12.-plass totalt, eit godt stykke framfor storfekollega Gaute Aarbø t.h. Foto: Kjetil Rydland.


Nina Aarbø Olsen og Ina Engevik stakk av med dei to første plassane blant dei sprekaste damene. Foto: Kjetil Rydland.


Per Audun Kloster t.v. har vore med kvart år sidan Fitjardalten starta. Bjørn Tore Taranger har to napp i vandrepokalen, men har lada opp til Fitjardalten med gårsdagens Bergen maraton i Fana, og er redd tempoet til ungdommane blir for høgt på denne korte distansen.Foto: Kjetil Rydland.


Vennebyen trekte fullt hus, rundt 500 små og store frå fjern og nær samla seg rundt scenen for å vera med på showet. Foto: Kjetil Rydland.


Dei tre beste uansett klasse uansett klasse, f.v. Bjørn Tore Taranger, Lars Lunde og Arne Jordåen. Foto: Kjetil Rydland.

Resultatliste frå Fitjardalten 2015

1. Lars Lunde 20,03 – vinnar G16-18 og vandrepokalen herrar
2. Bjørn Tore Taranger 21,13 – vinnar H35-44     
3. Arne Jordåen 22,51 – vinnar G13-15
4. Johannes Lunde 22,53 – vinnar D19-34
5. Anders Hundeide Magnussen 23,05
6. Bård Inge Bø 23,24   
7. Vegard Havn 23,56
8. Rune Kvilhaugsvik 24,00
9. Per Martin Furevik 24,06 – vinnar H45-54     
10. Stig Helge Westerheim 24,12
11. Johannes Olsen 24,41   
12. Karl André Rydland 25,16
13. Tor Henning Vestbøstad 25,17   
14. Magne Skumsnes 25,32 – vinnar H55-64
15. Roar Pedersen 25,53   
16. Nina Aarbø Olsen 26,06 – vinnar D19-34
17. Kjell Arne Midttun 26,29
18. Håkon Rydland Sæbø 26,42       
19. Harald Rydland 27,09
20. Ina Engevik 27,23
21. Vegard Aarbø 28,00   
22. Jan Martin Bernes 28,05
23. Svein Aarbø 28,18
24. Halvor Aga 28,20 Vinnar G10-12
25. Marius Torbjørnsen 28,31
26. Jakob Rolfsnes 28,35
27. Dan Torbjørnsen 28,39
28. Joakim Fitjar 28,47
29. Rune Skumsnes 28,47
30. Hogne Buchvold 28,53
31. Sondre Fitjar 29,03
32. Per Bergesen    29,10
33. Gisle Hjelmen 29,24
34. Maria Nerhus Bjelland 29,29 – vinnar J10-12
35. Hanne Størksen 29,36
36. Gaute Aarbø 29,47
37. Karsten Vestbøstad 29,48
38. Linnea Vestbøstad 29,48
39. Jakob Myhre 30,34
40. Silje Rydland 30,38 – vinnar J16-18
41. Elin Eidet Aarskog30,52
42. Else-Marie Kristianssen 31,00 – vinnar D35-44
43. Johannes Bø 31,40
44. Eldrid Simonsen 31,40
45. Ingvild Brekke Myhre 31,45   
46. Charlotte Ayoe Levåg 31,59
47. Andreas Vestbøstad 32,06   
48. Øystein Eide Eskeland 32,23  – vinnar H65+ 
49. Sander Aarskog 33,01
50. Victor Aga 33,07   
51. Mikal Havnerås 33,07  
52. Finn Ingvar Havnerås 33,10
53. Rappi Thorsteinsson 33,14   
54. Daniel Rolfsnes 33,54
55. Harriet Tverderøy 34,55 – vinnar D65 +
56. Ståle Vestbøstad 38,32   
57. Jonas Forland 38,33   
58. Jens Kloster 39,17   
59. Kristian Vestbøstad 39,53   
60. Mathilde Kloster 48,31